onsdag 4. november 2015

Ungdom og Kropp

Hei 
I dag skal eg snakke om ungdom og kropp. Mange ungdomsblad, vekeblad og andre magasiner har annonsar for ei rekkje forskjellige produkt med unge, slanke, vellykka menneskjer. Det som er litt dårleg med sånne blader er at det kan senke sjølvtilliten din viss du ikkje er sånn. det eg tenkjer er mest viktig er at du er fornøyd med deg sjølv og at du er fornøgd med korleis du ser ut, og at du ikkje tenkjer på kva andre menneskjer meiner om deg.

Det som er dårleg med bileta i blada er at dei er ofte retusjerte. Det vil seie at dei har manipulert bildet med å redigera det for at ungdommane skal sjå ut som ideala. Det mange av bileta gjer er at viss det får dei til å bli misfornøgd med korleis du ser ut så vil nokon bruke mesteparten av tida si til å slanke seg kraftig eller byggje opp store musklar.

Nokon kan bli altfor avhengig med å få store musklar og det blir kalla megareksi, og nokon tenkjer at dei ikkje er slank nok sjølv om dei er slanke.

Det som er best er å ikkje tenkje på kva andre meiner om deg eller utsjånaden ditt men tenk heller på kva du meiner om utsjånaden ditt og korleis du er.

kjeldar:
Ungdomskultur

onsdag 28. oktober 2015

Hei
neste veke skal eg snakke om rus og Psykisk helse. Eg gleder meg litt til å lære om det og få svar på ting eg lurer på fordi det er eit veldig interessant tema.

tirsdag 27. oktober 2015

Kva er ungdomskultur?

Hei
Kva er ungdomskultur? Det skal eg fortelja deg. Ungdomskultur er ein kultur skapt av og for ungdommar. Omgrepet ungdomskultur oppstod i 1950-åra da rock blei ein populær musikkform. Foreldra hadde lite forståing for rocken, og mange tok avstand frå han. Når rockemusikken kom likte mange ungdomar den så det blei ein ny kles mote med olabukser og skinnjakke, og det gjorde at mange unge skilde seg ut frå foreldregenerasjonen. Ein anna viktig årsak til at vi kan snakke om ungdomskultur, var den økonomiske framgang i den vestlige verda etter den andre verdskrigen. Dei fleste familiar fekk betre økonomi, og også ungdomen fekk etter kvart god økonomi. Dei blei ein eiga forbrukargruppe som klesindustrien blei interessert i. Slik var grunnlaget lagt for at ungdom kunne utvikle sin eiga kultur og bli ein mottakargruppe for motar, musikk og film retta direkte mot dei. I dag tenkjer vi også på ungdomskultur som nok som skil ungdom frå barndom og vakseverda. Ungdomar riv seg meir laus frå foreldra enn det barna gjere, for barna er ofte knytta til aktivitetar saman med foreldra eller som foreldra er med på å bestemme at dei skal delta i. ungdomane vill helst bestemma sjølv kva for klede dei skal gå med, kva type musikk dei skal høyre på, og kva dei skal gjere på fritida saman med vennar. 
ungdomskultur
kjeldar:

klassemiljø

Hei
I dag skal eg fortelje om kva eg synes vi burde gjere for å få eit bedre skolemiljø. eg trur at viss vi hadde blitt meir samansveisa og at nokon folk ikkje var frekke mot andre så kunne vi fått eit bedre skolemiljø. Vi kunne også ikkje sagt at nokon var kule og nokon er teite for da høynar vi sjølvtilliten til nokon og senker den hos andre, og da blir dei som har fått mindre sjølvtillit eit lettare bytte for folk som vil rakke ned på andre for å høyne sjølvtiliten deiras.

Det vi også kunne gjere var å vise litt respekt til læraren nå han eller ho snakka. Det er viktig for at vi alle har respekt for kvarandre og prøve å bli meir kjent med dei vi ikkje kjenner så bra for da kan vi bli litt meir samanknytta, og da gir vi nok ennå meir respekt til kvarandre.


tirsdag 20. oktober 2015

OD-dagen

Hei
I dag skal eg snakke litt om OD dagen som vi skal ha eg skal gi litt informasjon om kva det er, fakta om prosjektet, mine tankar og mine planer for OD dagen.

Før OD-dagen så går vi rundt for å spør om vi kan jobbe der på OD-dagen sånn at vi har ein jobb til den dagen eller så kan vi jobbe heime.

På OD-dagen jobbar vi for å tene pengar til barn som ikkje har det så godt. Dette året skal vi sende pengane til barna i Peru, Argentina, Chile for der er det mange familiar som ikkje har så mykje pengar så dei sendar ungane ut for å selgja kroppen sin for pengar.

Mine tankar er at det er fint at vi har denne dagen for å gjere livet til nokon familiar betre. Det gjer at eg følar meg betre for da veit eg at eg har gjort noko som kan hjelpe nokon som ikkje har så mykje.

Vis vi tenkjer at det vi gjer ikkje hjelpar så hjelpar ingen men vis vi tenkjer at det vi gjer virkar så kommer vi til å gjere ein forandring til slutt.

OD-dagen
kjelde bilete: OD-dagen Bilete



onsdag 14. oktober 2015

menneskerettar

Hei, eg skal snakke litt om kva menneskerettar er.
Kva er menneskerettar? Menneskerettar er grunnleggande rettigheitar som tilkommer eitkvart menneske uansett rase, kjønn, religion eller anna status. er menneskerettane naudsynet? nei, menneskerettane er naudsynte. dei seier kva ikkje burde gjere mot folk uansett korleis dei er, for eksempel at vi burde hjelpe dei som nesten ikkje har noko. Er alle menneskerettane like viktige? Eg trur at alle menneskerettane er like viktige for det definerer alle menneskars rettigheitar for å kunne leve eit trygt og verdig liv.  

om meg

Hei
eg heitar Simen og eg er 14 år. Eg likar sjakk, fotball, matte, astronomi, astrofysikk, arkeologi, historie, spille, vere med venner. Eg er leiar på noko som heitar Mini Mer og går på noko vi kallar NKUL og UK.

Litt seinare kommer eg til å skrive om menneskerettigheitar fro det er i lekse på skolen å skrive eit innleg om det her på bloggen.

eg kommer til å skrive på bloggen min for eg blir tvingt av skolen til å lage denne bloggen men eg kommer kanskje til å skrive litt av og til. Dette kommer til å bli gøy eller kjedelig det får tida vise.