onsdag 4. november 2015

Ungdom og Kropp

Hei 
I dag skal eg snakke om ungdom og kropp. Mange ungdomsblad, vekeblad og andre magasiner har annonsar for ei rekkje forskjellige produkt med unge, slanke, vellykka menneskjer. Det som er litt dårleg med sånne blader er at det kan senke sjølvtilliten din viss du ikkje er sånn. det eg tenkjer er mest viktig er at du er fornøyd med deg sjølv og at du er fornøgd med korleis du ser ut, og at du ikkje tenkjer på kva andre menneskjer meiner om deg.

Det som er dårleg med bileta i blada er at dei er ofte retusjerte. Det vil seie at dei har manipulert bildet med å redigera det for at ungdommane skal sjå ut som ideala. Det mange av bileta gjer er at viss det får dei til å bli misfornøgd med korleis du ser ut så vil nokon bruke mesteparten av tida si til å slanke seg kraftig eller byggje opp store musklar.

Nokon kan bli altfor avhengig med å få store musklar og det blir kalla megareksi, og nokon tenkjer at dei ikkje er slank nok sjølv om dei er slanke.

Det som er best er å ikkje tenkje på kva andre meiner om deg eller utsjånaden ditt men tenk heller på kva du meiner om utsjånaden ditt og korleis du er.

kjeldar:
Ungdomskultur

2 kommentarer: